Vasskvalitet

Produksjon av drikkevatn og kvalitetskontroll vert regulert av Drikkevassforskrifta.

Alle vasshandsamingsanlegg som leverer vatn til meir enn 50 personar, næringsmiddelverksemd, helseinstitusjonar, skular og barnehagar skal godkjennast av Mattilsynet i samsvar med Drikkevassforskrifta.

Våre to vassverk; Fjæreide og Bildøyvatnet er godkjent av Mattilsynet.

I Drikkevassforskrifta er det gitt kvalitetskrav til drikkevatnet og minstekrav til prøvetaking og analysemetodar.

FjellVAR tek prøvar kvar måndag heile året, både av råvatnet i vasskjeldene og fleire stadar ute på leidningsnettet. Totalt tar vi i snitt ca 580 prøvar fordelt på 7 ulike faste punkt på leidningsnettet, råvatnet og i sjølve vassverket. Prøvane vert analysert på eksternt laboratorium, som gjev melding straks dersom det leverte vatnet avvik frå krava i Drikkevassforskriften.

Prøvane vert analysert for ei rekke ulike kjemiske, fysiske og bakteriologiske parameter. Dette er mellom anna parameter som ph, fargetal, turbiditet, konduktivitet, lukt, smak, kimta, E.coli, kolioforme bakterier, intestinale enterokokker og Clostridium Perfringens. Prøvane finn du og på nettsiden, under vassanalyser.

Vatnet som vert levert ut på leidningsnettet etter behandling, tilfredstiller alle drikkevassforskrifta sine krav til godt hygienisk vatn, det vil seie at vatnet ikkje skal innehalde sjukdomsframkallande bakteriar.

Vi får ofte spørsmål frå abonnentar om hardleiken på vatnet. Vi har bløtt vatn, dvs. ein hardleik på 2,8 dH i tyske hardleiksgrader.

Råvatnet i Fjæreidevatnet og Bildøyvatnet har ein vasskvalitet som ikkje skil seg mykje frå det som er vanleg ellers på Vestlandet. Hovudproblema er knytt til høgt fargetal, låg pH (surt vatn), låg alkalitet og lågt innhald av kalsium. Bakterieinnhaldet i råvatnet er gjennomgående lågt, men det vert registrert for høge bakterietal i einskilde prøvar, særleg sommar- og hausthalvåret.

For å sikre mot forureining i vasskjeldene er det innført restriksjonar på bruk av areal innafor nedbørsfelta. For Fjæreidevatnet er dette nedfelt i klausuler og skilting. For Bildøyvatnet er dette opplyst ved skilting. Det er difor svært viktig at ein viser særs omsyn ved ferdsle i nedbørsfelta.