Transportsystem

Leidningsnettet

er den viktigaste delen av transportsystemet, og representerer den største investeringa. Til saman har vi ca. 100 km med offentlege vassleidningar.  Dei fleste av desse vassleidningane er lagde etter 1975. Leidningsnettet i Fjell kommune er derfor relativt nytt.

Pumpestasjonar

rundt om på leidningsnettet er bygde for å hjelpe til med å få levert nok vatn med tilstrekkeleg trykk til kundane våre. Alt vatnet som blir levert til kundane, har gått gjennom minst ein pumpestasjon.

Høgdebasseng

blir nytta for å sikre stabil forsyning ved til dømes vassleidningsbrot, straumstans i pumpestasjonar osv. I tillegg bidreg høgdebassenga til å jamne ut belastninga på leidningsnettet, ved at vatn renn ut av bassenga når forbruket er størst, medan bassenga blir fylte opp att når forbruket går ned (til dømes om natta).