Vassverk

Dei i Fjell kommune som er tilknytte offentleg vassleidning, får i dag vatnet sitt frå Fjæreide vassverk, Bildøyvatnet vassverk og Kørelen vassverk.

Kørelen vassverk forsyner abonnentane på Haganes og Tellnes, medan resten blir forsynte frå Fjæreide og Bildøyvatnet.

Fjæreide vassverk blei sett i drift i 2004, Bildøyvatnet i mars 2015. Begge desse vassverka reinsar vatnet via fleire sandfilter. Desinfisering skjer ved hjelp av UV-lys. Vi bruker ikkje klor.

Med opninga av Bildøyvatnet vassverk er vi i dag godt rusta til å møte den auka utbygginga ei god stund framover.

Bildøyvatnet vassverk forsyner normalt Bildøy, søre del av Litle-sotra og strekninga Bildøybakken-Møvik. Resterande del av Nordre Fjell blir forsynt frå Fjæreide vassverk.

Avtalen med Sund VA om levering av vatn til Haganes og Tellnes, frå Kørelen vassverk, sikrar eit tilbod også til delar av innbyggjarane i Søre Fjell.

På sikt har vi planar om å byggje eit nytt hovudvassverk ved Kørelen. Med dette vil vi og kunne gi større delar av Søre Fjell eit utvida tilbod om offentleg vatn.