Ny forskrift om damsikkerheit har medført at dammane våre må forsterkast. Det er sett i gang arbeid med dammane på både Bildevatn, Hagardvatn og Signalvatn. Del 1 (forsterking av sidevederlag og overløp) er ferdigstilt, medan nye pilarar er under bygging på Bildevatn. Totalt er det kostnadsført 6,2 millionar kroner på damrehabilitering i 2014, og dette er belasta drifta som vedlikehaldskostnader. Dam ved Haggardvatn og Signalvatn er under prosjektering, med forventa byggestart i mai/juni 2016.
Dammen ved Fjæreide må byggjast om viss ein skal auke reguleringshøgda, og ein ventar no på godkjenning av konsesjonssøknaden (prosjekt 2).