Returpunkt

Det er utplassert 18 returpunkt i Fjell kommune. På desse returpunkta kan du levere glas- og hermetikkemballasje. Farga og klårt glas kan du leggje i same behaldar. Hermetikkemballasje kan du leggje i lag med glaset. Steintøy, porselen og keramikk er restavfall, og skal ikkje kastast på returpunkta.

Returpunkta finn du her:

  • Hjelteryggen, vis-à-vis butikken
  • Bjorøyna
  • Brattholmen kai
  • Foldnes, parkeringa ved Foldnes skule
  • Søre Bildøyna, ved parkering til badestrand
  • Parkeringsplassen ved barnehagen på Ekerhovd
  • Kolltveit, ved nedlagt butikksenter
  • Fjell gard, 500 meter nord for kyrkja
  • Tellneskrysset, på veg mot Haganes
  • Kallestad, langs hovudvegen
  • Møvika, vest for butikken
  • Langøyna, ved Langøyna bru
  • Apalvågen
  • Ågotnes, ved nye Rema 1000/ Safari-butikken
  • Straume, ved treningssenteret Sprek og Blid
  • Straume, ved Sartorparken
  • Straumsfjellvegen, ved gangveg til Sartor senter
  • Polleide, på parkeringsplass ved Kårtveitpollen