INNFØRING AV KUNDEKORT PÅ GJENBRUKSSTAJONEN

Fjellvar AS innførte frå 15. juni 2015 krav om kundekort ved levering av avfall på gjenbrukstasjonen på Straume for innbyggjarane i Fjell og Øygarden kommune. Kundekortet skal brukast når ein skal levere privat avfall, og viser at den som leverar er frå Fjell eller Øygarden kommune. Grunnen til at Fjellvar AS innfører kundekort, er at talet på kundar aukar raskt. Nå er trafikken på stasjonen til tider så stor, at det er utfordringar med trafikkflyt og logistikk for å ta unna alt avfallet som vert levert.

Det er renovasjonsabonnentane i Fjell og Øygarden som har rett til å levere hushaldningsavfallet sitt på gjenbruksstasjonen på Straume. Det er desse som betalar ein del av drifta av stasjonen via renovasjonsgebyret. Dei som ikkje betalar renovasjonsgebyr i Fjell eller Øygarden kommune skal betale ein høgare pris ved levering på gjenbruksstasjonen i Lonavegen 20 eller levere avfallet sitt til andre godkjende avfallsmottak.

Vi håper at du som kunde vil ha kortet ditt klart og vise kortet ditt uoppfordra når du kjem til gjenbruksstasjonen. Det vil avhjelpe arbeidet for våre tilsette. Legg gjerne kundekortet i frontruta på bilen din. Om du mister kortet, må du ta kontakt med Fjellvar AS for å få utstedt eit nytt. Nytt kort koster kr 50,-  Meir informasjon om kundekortet finn du på vår nettstad www.fjellvar.as Viss du ikkje har kundekortet med til gjenbruksstasjonen må du betale næringspris ved levering av avfall. Vi gjer merksam på at kortet følgjer hustanden. Ved eit eventuelt sal av eigedom skal difor kundekortet overleverast til ny huseigar.

Prisar for levering på gjenbruksstasjonen fra privatkundar i Fjell og Øygarden kommune per 1. juni 2017

Levering av avfall til gjenvinningsstasjon Pris pr. lass inkl. mva.
mindre enn 1 m3 50,-
1 m3 - 2 m3 100,-
2 m3 - 3 m3 150,-
3 m3 - 4 m3 200,-
4 m3 - 6 m3 300,-
6 m3 - 8 m3 400,-
8 m³ - 10 m³ 500,-
Kvar m3 over 10 m3 100,-