Kjeldesortering

FjellVAR har som målsetting å arbeide for høg grad av kjeldesortering og gjenvinning. Hushalda pliktar å sortere avfallet sitt, og renovatørane pliktar å ta med kjeldesortert avfall. Alle hushald i Fjell kommune får utlevert spann for matavfall, restavfall, papir og sekkar til hushaldningsplast. Matavfall kan enten leverast eller heimekomposterast.

Restavfall vert henta kvar 14 dag, Matavfall kvar 14 dag (1 gang kvar veke i juni/juli og august) Papir/plast vert henta ein gang pr månad.

Waste recycling guide in different languages


  • MATAVFALL
  • PAPP OG PAPIR
  • PLAST I EIGEN SEKK
  • RESTAVFALL
  • GLAS- OG METALLEMBALLASJE
  • FARLEG AVFALL

JA TAKK!

Matavfall som fisk, kjøt, frukt, eggeskal, brød og liknande, kaffigrut/filter og teposar!

Matavfallet kan du anten kompostera sjølv, eller levere i brun spann for matavfall.

Matavfall i fraktes med spesialtransport til Østlandet for å bli biogass og gjødsel.

Treng du nye bioposar?

Knyt ein blank plastpose på mataqvfallsspannet ditt, så får du utlevert ein rull med bioposar.

Du kan og få bioposar på gjenbruksstasjonen i Lonavegen 20.

JA TAKK!

Alt papir, papp som til dømes avispapir, skrivepapir, brosjyrer, pizzaøskjer, bølgepapp og liknande skal kastast i det spannet med blått lok.

Alle typar drikkekartong kan gjenvinnast. Skrukorken kan stå på, men hugs å skylja og tørka drikkekartongen. Brett seks og stapp i den syvende. Legg kartongkubben rett i spannet. Hugs å skrive namn og telefonnummer dersom du vil delta i returkartonglotteriet.

NEI TAKK!

Servietter, post-it lappar, gåvepapir og liknande skal kastast i restavfallet, det same gjeld tigrisa papir.

JA TAKK!

Plastemballasje inkluderer all emballasje av plast som har vore brukt til mat, drikke, vaskemiddel og liknande.

Døme er, plastposar, plastkanner for vaskemiddel, plastposar til frukt og grønt, rømmebeger, yoghurtbeger, påleggsposar og flasker til ketchup, zalo og shampo.

NEI TAKK!

Anna avfall av plast, som til døme leikar av plast, øydelagte hagemøblar, akebrett, isopor skal kastast som restavfall. Heller ikkje tilgrisa plastemballasje kan leverast.

Sett sekken ut samen med papir den dagen det er tømming. Knyt sekken fast i papirspannet.

Nye sekker til plast får du hos oss i Lonavegen 20.

 

JA TAKK!

Etter å ha sortert ut det bosset som kan gjenvinnast, set du att med restavfallet. Døme på restavfall er bleier, sanitetsbind, aske, støvsugerposar, kattesand, servietter, gåvepapir. Dessutan tilgrisa papir, papp og plastemballasje. Isopor er restavfall, skal du kaste litt isopor heime skal den i restavfallet. Har du mykje isopor oppfordrar vi deg til å levere dette på gjenbruksstasjonen. Ha dette i en pose i spann for restavfall.

NEI TAKK!

Kast aldri miljøfarleg avfall eller EE-avfall i restavfallet. Matavfall, papir, papp,drikkekartong, plastemballasje, glas –og metall skal heller ikkje i restavfallet.

Hushald med lite boss kan inngå avtale med småhushald, dvs henting av restavfall kvar 4 veke. Dette gir ei reduksjon i renovasjonsgebyret.

Det er og høve til å få eit større spann for restavfall for dei som treng det.

FjellVAR har konteinarar for innsamling av glas- og metallemballasje fleire stader rundt om i kommunen, ofte ved daglegvareforretningar.

JA TAKK!

Glas- og metallemballasje frå mat og drikkevarer, som flasker, syltetøyglas, hermetikkboksar, aluminiumsfolie,-beger og -behaldarar.

NEI TAKK!

Steintøy, eldfaste former, keramikk, porselen, krystall, knuste glasruter og liknande.

Farleg avfall er avfall som kan forureine eller gjera skade på menneske og dyr. Avfallet skal handsamast på ein forsvarleg måte for å unngå skade.

Farleg avfall leverer du på gjenbruksstasjonen på Straume, i Lonavegen 20. Då vert det teke hand om slik at helse- og miljøskadelege stoff ikkje forsøplar naturen.

Døme på farleg avfall er:

  • Måling, lim og løysemiddel
  • Olje og oljefilter
  • Kjemikaliar og plantevernmiddel
  • Sprayboksar, batteri, lysstoffrøyr og lyspærer
  • Tungmetall som amalgan, bly, kadmium, kopar og kvikksølv
  • PCB, asbest og eternit