Hytterenovasjon

FjellVAR har sett ut behaldarar for hytterenovasjon langs vegane i Fjell kommune. Desse er så langt det lèt seg gjere, plassert i nærleiken av dei stadene det er hytter. Avfallet frå hytter på øyer utan vegsamband kan leverast på kaiar der det er sett ut behaldarar for hytterenovasjon. Behaldarar for hytterenovasjon skal ikkje nyttast av fastbuande. Det er ikkje krav til kjeldesortering for fritidsbustader, men papir, glas og metallemballasje bør leverast på miljøstasjonane. Alle hytteabonnentane kan levere avfall til gjenvinning på gjenbruksstasjonen.

Hytteavfallet blir henta kvar 14 dag om vinteren og ein gong kvar veke om sommaren.