Slik startar du med heimekompostering

Skriv under avtalen for heimekompostering, og send han til FjellVAR.
Kjøp eller bygg ein binge. Denne skal vere godkjend av FjellVAR. Når bingen er komen på plass, og FjellVAR har motteke kvittering på kjøp av binge/kontrollert heimelaga binge, vil du bli registrert som heimekompostør og dermed få ei lågare renovasjonsavgift enn dei som ikkje komposterer sjølve.
Få tak i strø, eit hagegreip og ein ekstra behaldar til matavfall i kjøkkenbenken. Som strø kan du bruke tørr treflis, tørt lauv, tørr oppmalen bark eller høvelspon. Hugs at strømaterialet ikkje må vere for fint, og at det må vere tørt før det kan nyttast.

Plassering av kompostbingen

Kompostbingen må ikkje stå på ein plass med for mykje sol og vind. Elles kan du plassera han kor det måtte vere. Dersom du vel å setje han i garasjen, lyt du ha eit eige avluftingssystem kopla til bingen. Eit godt råd er å plassere han ein plass der det er lett å kome til for å arbeide i bingen.