Kva er kompostering?

Kompostering vil seie at bakteriar, sopp og andre ørsmå organismar bryt ned organisk materiale, til dømes frå matavfall, til eit jordliknande produkt. Føresetnaden er at det er tilgang på luft gjennom heile prosessen. Då skjer nedbrytinga raskt og utan plagsam lukt. I tillegg utviklar det seg varme (normalt rundt 30 - 60°C, av og til opp mot 70° C) som gjer at fluger og andre insekt ikkje kan leve i bingen. Utan luft vil massen rotne og lukte vondt. Det kan òg dannast skadelege gassar og stoff.