Korleis komposterer du?

I botnen på kompostbingen legg du 25-30 cm med tørr småkvist. Materialet skal vere lett samanpressa. På toppen av dette legg du to ark med avispapir som du perforerer med ein spikar. På avisa legg du eit lag med grov og tørr flis, 5 cm tjukt i midten og 10 cm langs sidene. No kan du tømme det  første spannet med matavfall og blande det med strø. Hugs at avfallet skal vere delt opp, og at det ikkje bør leggjast for nær sidene i bingen. Frå og med andre tømming, går du fram slik:

Bland om det øvste laget i bingen, og lag ei grop i midten. Tøm matavfallet i gropa, og unngå at avfallet kjem heilt ut til sidene av bingen. Til vanleg skal det blandast inn omlag like mykje strø som matavfall: 5 liter strø til 5 liter matavfall. Brei over gropa med kompost frå sidene, og dryss over med eit par liter strø. Strømaterialet har som oppgåve å regulere fukta i komposten, gjere avfallet luftig - slik at det kjem nok oksygen til mikroorganismane - og hindre at fluger legg egg i avfallet. Viss avfallet er våtare enn vanleg, må du ha i meir strø, og viss avfallet er tørrare enn vanleg, har du i litt mindre strø. Strøet må vere tørt! Legg matavfall i bingen to gonger i veka eller oftare. Kvar gong, og minst ein gong i veka, må du blande om komposten. Når bingen begynner å bli full, er det nok å blande dei øvste 30-40 cm og berre løfte litt i dei nedste laga med greipa for å få inn luft. Den høgaste temperaturen vil vere midt i bingen i den øvste delen, og her skjer komposteringa raskast. Her ligg temperaturen på om lag 50°C. Smittestoff blir øydelagde ved denne temperaturen.