Komposteringsproblem?

Nesten alle problem i ein kompostbinge skuldast for mykje eller for lite strø. Dersom komposten er for våt, må du blande i meir strø. Dersom komposten er for tørr, kan du la vere å blande inn strø nokre gonger eller vatne litt med varmt vatn. Viss temperaturen i tillegg er låg, tilset du ein neve sukker per liter vatn. Luktar det av komposten, kan du òg få problem med kvite flugelarver. Desse tilhøva følgjer ofte kvarandre. Det kjem av at flugene kjenner lukta og oppsøkjer bingen for å finne mat og leggje egg. Bingane er sjeldan så tett at flugene ikkje kjem inn i dei. Dersom komposteringa ikkje blir gjort på riktig måte, vil du raskt få flugelarver i bingen.

Slik blir du kvitt flugelarver

  • Bland opp komposten med strø til han blir porøs og luftig.
  • Kok opp 2-5 liter vatn med ein neve sukker per liter eller ei skei salpeter. Mengda må stå i forhold til mengda med kompost i bingen.
  • Tøm det kokande sukkervatnet jamt over komposten.
  • Dekk med to ark avispapir, og dryss strø langs kantane. Etter to til tre dagar er larvene garantert komposterte, og du kan fortsetje å kompostere som før. Dersom komposten har riktig temperatur, unngår du problemet med flugelarver. Kjem det sigevatn ut av kompostbingen, har du brukt for lite strø. Bruk nok strø, og bruk strø på riktig måte. Det skal aldri kome sigevatn ut av ein binge.

Maur i komposten?
Komposten er truleg altfor tørr. Hell på vatn, og bruk mindre mengder med strø.