Kva gjer ein med ferdig kompost?

Etter ein til to månader er matavfallet blitt omdanna til råkompost, men du bør vente med å ta ut råkomposten til bingen er full.

Når du skal tømme kompostbingen, tek du av framveggen. Det øvste laget er enno ikkje ferdig som råkompost, og dette spar du ut og legg til sides, til dømes i ei trillebår, medan du tek ut den ferdige råkomposten. Det er lett å sjå skilnaden mellom ferdig råkompost og uferdig kompost på toppen. Det er ikkje mogeleg å sjå kva råkomposten er laga av, og han luktar som jord. Det er lett å sjå kva den uferdige komposten er samansett av, og det luktar matavfall utan at ein kan seie at lukta er vond.

Den ferdige råkomposten må du leggje til modning i hagen ein stad. Du kan leggje han i haug, blande han med kompost frå hageavfall, eller ha han i ein open binge til ettermodning. Etter 6-8 månader er råkomposten forvandla til næringsrik jord. Kompostjorda kan då brukast som jordforbetringsmiddel og hagejord. Godt modna og sikta kompostjord er utmerkt til potteplanter, særleg dersom du blandar inn litt skjelsand eller kalk.

Råkomposten kan ikkje brukast rett etter at han er teken ut av kompostbingen, fordi næringsinnhaldet er for høgt og komposteringsprosessen enno ikkje er ferdig. Plantar du noko i uferdig kompost, vil plantene raskt bli brotne ned og komposterte i staden for å vekse!

Når du så skal starte på nytt, begynner du som første gongen med 20-30 cm småkvist i botn, to ark avispapir med hòl i over, nytt lag med 5-10 cm strø og deretter topplaget med uferdig kompost som var lagt til sides.