Dei 10 kompostvettreglane

  • Del opp matavfallet, slik at ingen bitar er større enn eit halvt hønseegg.
  • Legg ikkje miljøfarleg avfall i kompostbingen.
  • Bruk nok strø - ikkje for mykje og ikkje for lite.
  • Legg nytt matavfall i ei grop i midten av bingen, bland med strø, og dra over komposten som ligg omkring.
  • Er det sigevatn frå bingen, må du blande inn meir strø. Sigevatn skal det ikkje vere.
  • Bland om komposten minst ein gong i veka.
  • Ikkje tøm kompostbingen før han er full.
  • Når råkomposten er teken ut av bingen, skal det uferdige topplaget inn att i bingen etter at du har lagt ny botn inne (småkvist, avispapir og strø).
  • La råkomposten modne i 6-8 månader før du tek han i bruk.
  • Bland modna kompostjord med hagejord og skjelsand.