Heimekompostering

I Fjell kommune må du sortere ut matavfallet, enten du leverer avfallet i eit matavfallsspann eller komposterer det sjølv. Matavfallet som blir henta inn hos hushaldsabonnentane fraktes med spesialtransport til Østlandet for å bli biogass og gjødsel. Dersom du ønskjer å heimekompostere, kan du ta kontakt med FjellVAR.

FjellVAR godkjenner nå Bokashi kjøkkenkompost som vanleg kompostering av matavfall som gjer reduksjon i renovasjonsgebyret. Bokashi er enkel og smart kompostering av matavfall som omdanner ALT matavfall til næringsrik jord og gjødsel på få veker. Prosessen skjer innandørs i ein lufttett bøtte ved hjelp av eit hveteklibasert kompoststrø, innsatt med effektive mikroorganismer (EM-1) Bokashi luker ikkje vondt.

Les meir om Bokashi på; Bokashinorge.no

For avtale om heimekompostering med Bokashi, send inn kvittering for innkjøp av eit startsett. Startsettet må du kjøpe sjølv på nett eller på Sotra Hagesenter på Straume. Fås og kjøpt i Skostredet i byen.