Gjenbruksstasjonar

I Fjell kommune finst det ein gjenbruksstasjon: 

Straume gjenbruksstasjon, Lonavegen 20.
Denne er det FjellVAR som eig og driv, og stasjonen er open for levering av alle typar avfall frå hushalda i Fjell kommune og Øygarden kommune. Næringsdrivande kan nytte stasjonen på Straume etter eigne satsar.
Opningstider:
Måndag og torsdag kl. 09-19
Tysdag, onsdag og fredag kl. 09-15
Laurdag kl. 09.00-16.00 (mars-sep)

Gjenbruksstasjonen er stengt jule- og nyttårsaftan, offentlege heilagdagar/raude dagar.

For 2018 gjeld desse satsane for levering frå hushalda til gjenvinningsstasjonen på Straume:

Informasjonsguide og reglar for levering av avfall på gjenbruksstasjonen

Levering av avfall til gjenvinningsstasjon Pris pr. lass inkl. mva.
mindre enn 1 m3 50,-
1 m3 - 2 m3 100,-
2 m3 - 3 m3 150,-
3 m3 - 4 m3 200,-
4 m3 - 6 m3 300,-
6 m3 - 8 m3 400,-
8 m³ - 10 m³ 500,-
Kvar m3 over 10 m3 100,-

1 ekstrasekk for restavfall: kr 40,-
Sekkeprisen er inkludert kostnader for henting og handsaming av avfallet. Ekstrasekkar får ein kjøpt hos FjellVAR i Lonavegen 20. Vi gjer merksam på at bilar/lastebilar over 3,5 tonn ikkje har adgang til gjenbruksstasjonen på Straume!
Eigne satsar for næringsavfall på Straume Alt avfall i frå næringsverksemder blir definert som næringsavfall. Dette gjeld og avfall som verksemder får i frå kundane til verksemda, sjølv om kundane er ein privat hushaldning. Eksempel på dette kan vere avfall frå handverkararbeid i private hus. Dersom det blir samla opp og kjørt bort av handverkaren, er dette å sjå på som næringsavfall.