Vedtekter

§1 Selskapet sitt namn og selskapsform

1-1 Selskapet sitt namn er Fjell vatn, avløp og renovasjon AS.

§2 Forretningskontor

3-1 Selskapet skal stå for forvaltning, planlegging, utbygging og drift av vatn- og avløpsanlegga i Fjell kommune, samt anna verksemd knytt til desse områda. Selskapet skal vidare vere ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall.
3-2 Selskapet skal drivast etter forretningsmessige prinsipp, men være bevisst det samfunnsansvar som er lagt til verksemda. Selskapet skal vere ein utøvande reiskap og stabilt element for gjennomføring av Fjell kommune sin politikk for vatn, avløp og renovasjonstenestene i kommunen.
3-3 Selskapet skal vere kjenneteikna av høg kompetanse, service og samhandling med omgivnadene, særleg med Fjell kommune.

§4 Aksjekapital

4-1 Selskapet sin aksjekapital er på NOK 10.000.000,-. Kvar aksje skal lyda på NOK 1.000,- , og aksjekapitalen er fordelt på 10.000 aksjar.

§5 Fond

5-1 Selskapet sine frie fond skal nyttast til forvaltning, utbygging og drift av vatn-, avløps- og renovasjonstenstene i Fjell kommune, samt anna verksemd knytt til desse områda. Fondet kan ikkje nyttast til å fremje av aksjonærane sine eigne økonomiske interesser.

§6 Utbytte

6-1 Det skal ikkje betalast utbytte til aksjonærane.

§7 Sal av aksjar

7-1 Sal av aksjar må godkjennast av generalforsamlinga i selskapet for å vere gyldig.

§8 Selskapet si leiing

8-1 Selskapet vert leia av dagleg leiar og styret. Generalforsamlinga er selskapet sitt øvste organ.
8-2 Selskapet blir teikna av leiar av styret og dagleg leiar, eller av to andre styremedlemmer og dagleg leiar. Styret kan gje prokura.
8-3 Forvaltninga av selskapet sine saker høyrer inn under styret som saman med dagleg leiar skal sørgje for ei god organisering av selskapet sitt arbeid.
8-4 Dagleg leiar representerer selskapet overfor omgivnadene i saker som fell under hans mynde etter §9.

§9 Den daglege leiinga av selskapet (dagleg leiar)

9-1 Styret tilset dagleg leiar og fastset vedkommande si løn og andre vilkår.
9-2 Dagleg leiar står for den daglege leiinga av selskapet og skal følgje dei retningsliner og pålegg som styret gjev.
9-3 Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter selskapet sitt forhold er av uvanleg art eller av stor tyding for selskapet.

§10 Styret si samansetjing

10-1 Selskapet skal ha eit styre på 7 medlemmer med personlege varamedlemmer. 6 medlemmer vert valde av generalforsamlinga. 1 medlem vert vald av og blant dei tilsette. Generalforsamlinga vel leiar og nestleiar.
10-2 Funksjonstida for styret er 2 år. Styremedlemmer fungerer inntil nytt medlem er vald.

§11 Styret sin forretningsorden

11-1 Styreleiar kallar inn til styremøter så ofte han / ho finn det naudsynt eller når dagleg leiar eller to av styret sine medlemmer krev det. Innkallinga skal så vidt mogeleg skje skriftleg og med 7 dagars varsel. Så langt råd er skal det og framgå kva for saker som skal handsamast. Dagleg leiar skal så langt råd er gje innstilling i alle saker. Styreleiar leiar møtet. Om han / ho har forfall, skal møtet leiast av nestleiar.