9 Jun 2016

Bosshenting: Vis tolmod!

1. juni overtok nye renovatørar hentinga av boss i kommunane Fjell og Øygarden. FjellVAR har saman med Øygarden kommune og BIR inngått ein kontrakt med RenoNorden med ei lengd på sju år. FjellVAR og Øygarden kommune har inngått ein liknande avtale med Norsk Gjenvinning om henting av matavfall. No arbeider vi med å etablere rutinar og godt samarbeid med dei nye renovatørane, men det vil ta litt tid. Erfaringar frå andre stader i landet viser at det kan nokre veker før alle arbeidsprosessar fungerer som planlagt.

 

No viser det seg at sjåførane har fått kritikk og «harde ord» frå folk som har opplevd at bosshentinga ikkje har vore god nok. Derfor ber FjellVAR om at det blir vist litt ekstra tolmod, og at vi får litt tid til å innarbeide rutinane for henting av avfall.

 

Samstundes må vi oppmode alle om å gjennomføre god kjeldesortering. Dei ulike fraksjonane blir samla inn av ulike avfallsbilar. Feilkasting tek tid for sjåførane. Dersom plastposar blir kasta i matavfallet, blir spannet ståande igjen. Bruk bioposar eller papirposar. Elles kan ikkje avfallet nyttast til biogass.

 

Etter perioden med fint vêr har det vore fullt i mange hyttecontainerar. For å auke kapasiteten er det no sett ut fleire større containerar på Langøy, Bjorøyhamn og Haganes. I tillegg er det store containerar på Våge og Polleidet samt ved Bjorøy skule, som vi oppmodar hyttefolket til å bruke dersom næraste bosspann er fullt. Ikkje kast avfallet ved sidan av eit allereie fullt bosspann.

 

Vi ber våre innbyggjarar om å vere tolmodige. Lat avfallet ditt stå framme dersom det ikkje er tømt når du kjem heim frå jobb. Sjåførane køyrer til langt utpå kvelden for å komme seg gjennom ruta. Dersom bosset ditt ikkje blir tømt på den faste tømmedagen, kan du sende melding til FjellVAR via kontaktskjemaet på nettsida vår. Då blir bosset henta dagen etter. Dette gjeld berre dersom sjåførane har gløymt spannet ditt. Dersom du sjølv har gløymt å setje fram spannet, må du vente til neste tømmerunde eller komme inn med avfallet på gjenbruksstasjonen. Restavfall kan også setjast fram i svarte eller gjennomsiktige bossekkar ved sidan av avfallspannet på neste tømmedag dersom spannet ditt er fullt. Sjåførane tek med seg ekstra boss i bossekkar no i juni.

 

Vi i FjellVAR håper også at innkøyringa av dei nye rutene går raskt, og at hentinga av boss snart vil komme inn på rett spor. Målet er framleis å ha ei effektiv og god innsamlingsteneste for alle innbyggjarane i kommunen.