27 Apr 2016

RYDDEAKSJON VÅREN 2016!

Det er vår, og den årlege vårrryddinga er i gang i Fjell kommune.
Desse ryddeaksjonane om våren gjer kvar og ein av oss høve til å gjere ein innsats for vårt eige nærmiljø! Kanskje er det gatene og leikeplassen som treng å ryddast, kanskje ein populær turveg, eller kan hende er det på den lokale badeplassen ein bør ta eit tak?
Vi i FjellVAR vil også i år hjelpe til med å skaffe bossekkar og eingongshanskar til vårens ryddeaksjonar, og sørgje for at det som vert samle inn vert henta av bossbilen.
Berre å ta kontakt med oss!