8 Apr 2016

Gebyr og tall

Det er problematisk når tall byrjar å leve sjølvstendige liv, lausreve frå essensielle forklaringar om kva ein faktisk har telt. Tidlegare direktør i SSB Hans Schell uttalte at SSB berre ein gong har hatt rett tall, og det var folketalet på Bjørnøya i 1977. Vestnytt presenterte vass-, avløp-, renovasjons- og feieavgifta for Sund, Askøy, Øygarden og Fjell. Fjell kommune (eller rettare sagt FjellVAR) kom dårleg ut med høge gebyr på tenestene. Går ein gebyra litt etter i saumane vil den årvakne leser oppdage at både Askøy, Sund og Øygarden har rapportert inn vass- og avløpsgebyra til SSB utan å legge til 25 % mva medan Fjell har tatt med mva. Det blir mildt sagt uklårt når ein brukar tala ukritisk utan omsyn til viktige parameter som tenestetilbod, miljøprofil, effektivitet og befolkningstettheit som naturleg påverkar storleiken på gebyra.

Det er viktig å ha fokus på gebyrnivået då dette er tenester som er lovpålagte og er skjerma for konkurranse. Bakgrunnen for at ein rapporterer inn til SSB er for å få meir kjennskap til effektiviteten og ressursbruk på dei kommunale tenestene. Diverre rapporterer kommunane ulikt og svekkar dermed moglegheita for å bruke SSB sine tal til å auke effektiviteten på dei kommunale tenestene. Samstundes skal ein hugse på at investeringar i nye avløpsreinseanlegg sjeldan er ei vinnarsak for våre folkevalte. RIF (Rådgivende Ingeniørers Foreining) ga i 2015 ut rapporten Norges Tilstand 2015 som slo fast at tilstanden til vass- og avløpsanlegga i Noreg er i heller dårleg forfatning. Mellom anna er utskiftingstakten (på landsbasis) på leidningar mindre enn 1 %, noko som gjev ei levetid på leidningar på over 100 år. Ser ein på lekkasjeandelen i europa er det berre Bulgaria som har høgare lekkasje på leidningane enn Noreg. Truleg kjem myndigheitene til å tvinge kommunane til å ta tak i problema gjennom forskriftendringar for å hindre knappheit på vatn og forureining.

Då FjellVAR AS blei skipa i 2003 var berre 11 000 av innbyggarane i Fjell tilknytt offentleg vassforsyning, og politikarane blei samde om å ta eit krafttak for å sikre innbyggarane reint drikkevatn. Store investeringar i nye anlegg har sjølvsagt ført til auka gebyr, men også fleire abonnentar. I 2015 var om lag 22 000 innbyggarar i Fjell tilknytt offentleg vatn. I seinare år har ein blitt meir merksam på kva ernærings- og helsemessig betyding reint vatn har. I staden for ei tevling i kven som har lågast gebyr, fortener politikarane i kommunane ros for å ta på alvor dei utfordringane dei står ovanfor med mangelfull vassforsyning/reinsing av avløp.
Bjarne Ulvestad
FjellVAR