24 Nov 2015

Kunngjering vedkommande gebyr feiing og branntilsyn i Fjell kommune

Fjell kommune har i desse dagar sendt ut faktura på feiing og branntilsyn.

Fakturaen gjeld perioden 01.012015 til 01.01.2016 samt siste kvartal 2014.

Tidlegare år var gebyr for feiing og branntilsyn inkludert i faktura for samla kommunale avgifter (vatn/avløp/renovasjon). FjellVAR AS overtok i 4. kvartal 2014 faktureringa av vatn/avløp/renovasjon.

Grunna omlegging av datasystem i 2015 fakturerer no Fjell kommune feiing og branntilsyn separat.

Feieavgifta er ei årleg avgift som gjeld for alle husstandar med pipe og eldstad uavhengig av om eldstaden er i bruk og feiing/tilsyn er gjort. Avgifta vert årleg fastsett av kommunestyret basert på prinsippet om sjølkost.

Alle henvendingar vedkommande faktura på feiing skal rettast til Fjell kommune;

Tlf: 55 09 60 00