FjellVAR går over til bioposer for matavfallet

9 Sep 2015

FjellVAR går over til bioposer for matavfallet

FjellVAR har bestemt å gå over til bioposer for matavfallet. Dei nye posene er laga av nedbrytbart materiale og gjer det enklare å bli kvitt matavfallet utan søl. Utlevering av bioposer vil starte i slutten av september. Ein del innbyggjarar vil likevel få utdelt papirposer ved neste utlevering, så ikkje FjellVAR skal bli sittande med eit stort lager av desse. Bioposene kjem på rull og blir lagt på  bosspannet. Om du trenger poser før neste utlevering kan du hente på gjenbruksstasjonen eller i ekspedisjonen hos oss i Lovavegen 20.