Overtaking Solsvik Vassverk

31 Oct 2014

Overtaking Solsvik Vassverk

Fjellvar har inngått avtale med Solsvik Vassverk SA om overtaking av leidningsnettet med noen unntak, samt pumpehuset. I samband med overtakinga vil Fjellvar frå 01.11.2014 til 01.01.2015 hjelpe til med drifta av vassverket. Dette vil først merkast dersom de ringer servicetelefonen til vassverket. Den vil i perioden automatisk bli kopla over til vakttelefonen til Fjellvar. Her vil de treffe på vakthavande røyrleggjar hos Fjellvar. Hendingar etter 01.01.2015, må rettast direkte til Fjellvar. Då vil ikkje Solsvik Vassverk sin servicetelefon lenger vere operativ. Fjellvar sin plan er å drifte vassverket som i dag, fram til vi kan knyte på off. vatn frå Fjæreide vassverk. Vi reknar med at alle abonnentane vil få vatn frå Fjæreide innan utgangen av mars 2015. Etter dette vil sjølve reinseanlegget til Solsvik Vassverk, med drikkevasskjelder, bli lagt ned for godt. Kommunale årsavgifter for vatn vil bli fakturert frå 01.01.2015. Faktura for tilknytingsavgift for vatn vil bli utfakturert i år med forfall januar 2015. Faktura vil kome frå Fjellvar AS. I tilknyting til overtakinga og den pågåande utbygginga på Solsvik, er Fjellvar starta opp arbeidet med ny vassleidning frå Landro til Solsvik og utbetring av avløpstilhøva på Solsvik. Det vil bli lagt ny avløpsleidning frå Solsvik kai til bedehuset. I same grøfta vil det bli lagt ny vassleidning. Avløpsvatnet vil bli overført til Landro via ein pumpestasjon ved Solsvik kai. Fjellvar AS