Nytt hovudreinseanlegg for avløp på Litlesotra vedakt i Kommunestyret 28.11.2013.

28 Nov 2013

Nytt hovudreinseanlegg for avløp på Litlesotra vedakt i Kommunestyret 28.11.2013.

1. Kommunestyret godkjenner at nytt avlaupsreinseanlegg skal byggjast som fjellanlegg i Storanipa (Vågo) i tråd med alternativ F2b i rapport "Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit", datert 02.09.2013. 2. Endeleg plassering av tunnelar, fjellhallar, ventilasjonsanlegg og tilkomstveg vert å ta omsyn til i reguleringsplanprosessen. 3. FjellVAR vert beden om å starte opp arbeidet med reguleringsplan for alternativ F2b, fjellanlegg i Storanipa (Vågo). Tilråding gjort i formannskapet vart sett opp mot Arbeidarpartiet sitt framlegg og vart vedteke med 27 mot 18 røyster (mindretal AP 10, FrP 7, SP)