• Kor tid kjem septikbilen?
  • Kloakklukt i huset:
  • Kva skal ikkje kastast i toalettet?
  • Ofte stilte spørsmål
  • Slamavskiljar

Kor tid kjem septikbilen? 

Det blir alltid sendt ut varsel om septik-tømming i god tid på førehand.
Treng du ekstratømming? Det er ei tømming av septiktanken din utanom ordinær rutetømming.

Slamavskiljarar for einebustader skal etter lova tømmast kvart andre år. Ved fritidsbustader skal dei tømmast kvart fjerde år.

 

 

Kloakklukt i huset:

Som oftast kjem dette problemet av at ein vasslås tørkar ut. Vasslåsane tørkar ofte ut om t.d. varmekablar ligg for nær vasslåsen, eller ved lite bruk av dusj/vask. Tips: Ha i litt vatn og eit par dråpar med matolje i sluken. Oljen legg seg på toppen og hindrar fordamping.

Kva må du ikkje kaste i toalettet?

For å sikre optimal drift av septiktanken og hindre at røyr o.l. tettar seg, må du passe på at desse tinga ikkje hamnar i toalettet:

  • våtserviettar
  • filler
  • WC-blokker
  • lje
  • feitt
  • ribbefeitt\
  • bleier
  • bind

Ofte stilte spørsmål

Tanken min er tømd, men likevel ser han full ut?

Når tanken blir tømd, blir alt innhaldet i tanken pumpa inn på bilen og separert der. Det reinsa vatnet blir sendt tilbake til tanken.

Kva må eg gjere før septikbilen kjem?

Grav fram loket –og også godt rundt loket slik at det er enkelt å løfte det av. Merk tanken, og gjer han tilgjengeleg for tømming. Har du fått tømmelapp i posten,  legg du denne i ein plastpose på tankloket. Då er det enklare å vite at rett tank blir tømt.

Kva er ekstratømming?

Ekstratømming er tømming av septiktanken din utanom ordinær rutetømming. Ved ekstratømming får du faktura direkte frå tømmebyrået.

Kva skjer viss septiktanken ikkje er klargjort?

Dersom septiktanken ikkje er tilgjengeleg for tømming når septikbilen kjem, blir dette registrert. Ta snarast kontakt med tømmebyrå/FjellVAR for å avtale nytt tømmetidspunkt. Tek de ikkje kontakt med tømmebyrå/FjellVAR, og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare, og neste tømming blir om to år.

Slamavskiljar

Ein slamavskiljar fungerer på den måten at alt slammet går i 1. kammer i septiktanken. Vidare blir det separert over i 2. og 3. kammer, der utløpet til tanken er.

Slamavskiljarar er mest brukte til vanlege einebustader.

Ved tømming av slamavskiljarar blir heile tanken tømd før det reinsa vatnet blir returnert til tanken.

Slamavskiljarar for einebustader skal etter lova tømmast kvart andre år. Ved fritidsbustader skal dei tømmast kvart fjerde år.