større tekst:
A
A
A
Du er her:
Vatn
»
Vasskvalitet
Vakttelefon for vatn
Vasskvalitet
Vasskjelder
Søknadsskjema
Vasskvalitet
I drikkevassforskrifta er det gitt kvalitetskrav til drikkevatn og minstekrav til prøvetaking og analysemetodar.
FjellVAR tek prøvar både av råvatnet i vasskjelda (Fjæreidvatnet), av ferdig behandla vatn ut ifrå vassbehandlingsanlegget og av vatn ute på leidningsnettet (nettprøvar). Prøvane vert analyserte på eksternt laboratorium, som gjev melding dersom det leverte vatnet ikkje er tilfredsstillande.
Råvatnet i Fjæreidvatnet har ein kvalitet som ikkje skil seg mykje frå det som er vanleg elles på Vestlandet.Hovudproblema er knytt til låg pH (surt vatn), låg alkalitet og lågt innhald av kalsium. Bakterieinnhaldet er gjennomgåande lågt, men der vert registrert for høge bakterietal i einskilde prøvar. Grunna høgt innhald av humus, er fargetalet også jevnt over høgare enn det skal vere etter Drikkevassforskrifta.
Vatnet som vert levert ut på leidningsnettet etter behandling, tilfredsstiller alle drikkevassforskrifta sine krav til godt hygienisk vatn, det vil sei at vatnet ikkje skal innehalda sjukdomsframkallande bakteriar.
Last ned
Drikkevassforskrifta
Rettleiar til drikkevassforskrifta
Samlerapport på vassprøvar siste året
Årsrapportar for vasskvalitet
2004
2005
2006
2007
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume •
postboks@fjellvar.as
• Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31