større tekst: A A A
Du er her: 
Vatn
 » 
Vakttelefon for vatn
vatn 495x300
Vakttelefon for vatn
FjellVAR har til ei kvar tid folk på vakt som skal kunne ta i mot meldingar om feil og manglar i vassforsyninga eller i avløpssystemet. Dette kan til dømes vere vassleidningsbrot eller tette avløpsleidningar.

Dersom feilen ligg i det offentlege leidningsnettet, vil vakta vurdere om dette er noko som må utbetrast straks. Kan det vente til seinare, vil reparasjonar som kan gjerast på dagtid vere rimelegare enn om det må utføras om natta. Dersom feilen ligg på det private leidningsnettet, vil vakta kunne opplyse om kven ein kan kontakte for å få vidare hjelp. Feil og manglar på det private leidningsnettet må den enkelte abonnent sjølv ta ansvar for å få utbetra.

Vakttelefonen gjeld berre for vatn og avløp. Vi har ikkje ansvar for brøyting, vegvedlikehald eller tilsyn med offentlege skular og andre bygg. Spørsmål vedkommande dette skal rettast til Fjell kommune.
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31