større tekst: A A A
Du er her: 
Vatn
 » 
Søknadsskjema
Søknadsskjema
På denne sida finn du skjema som skal nyttast dersom du ønskjer å få tilsendt teknisk grunnlagsinformasjon, skal søkje om tilknytingsrett eller liknande. Sida vart sist oppdatert 07.03.06:

Skjema A – Førespurnad om teknisk grunnlagsinformasjon
Dette skjemaet skal nyttast dersom ein ynskjer å tinge eit kartutsnitt frå det offentlege leidningskartverket, kopiar frå røyrleggararkivet eller annan relevant informasjon som grunnlag for prosjektering, søknad om førehandstilsegn, levering av røyrleggarmelding el.l.

Skjemaet er primært tenkt nytta av røyrleggjarføretak som har teke på seg eit oppdrag, men kan også nyttast av private som ønskjer nærare informasjon om leidningsnettet i sitt nærmiljø.

Utfylt skjema kan sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume, på telefaks 56 31 59 31, eller som vedlegg til e-post postboks@fjellvar.as. Last ned skjema A her.

Skjema B – Førespurnad om førehandstilsegn
Dette skjemaet skal nyttast ved førespurnad om førehandstilsegn for tilknyting til offentleg vass- og/eller avløpsleidning, enten i samband med søknad om rammeløyve til Byggesaksavdelinga i Fjell kommune eller i samband med søknad om frådeling av tomt.

Utfylt skjema kan sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume, på telefaks 56 31 59 31, eller som vedlegg til e-post postboks@fjellvar.as. Last ned skjema B her.

Skjema C – Søknadsskjema for sanitærinstallasjonar, stikkleidningar og fellesleidningar
Som eigar av det offentlege leidningsnettet i Fjell kommune, skal FjellVAR gje tilsegn om rett til tilknyting til dette, og fastlegge dei vilkår som eventuelt vil liggje til grunn for eit slikt tilsegn, før ein søkjer Byggesaksavdelinga i kommunen om byggjeløyve. Søknad som er godkjent av FjellVAR skal vere lagt ved når søknaden vert sendt til Byggesaksavdelinga.

Dette skjemaet skal nyttast ved søknad om tilknytingsrett frå FjellVAR i samband med gjennomføring av tiltak som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, som t.d. frådeling av tomt, oppføring av næringsbygg, bustad eller hytte eller ved gjennomføring av annan byggeaktivitet.

Skjemaet skal vidare nyttast ved tiltak på vass- og avløpsleidningsnettet som ikkje medfører  søknadsplikt etter plan- og bygningslova, og kor den som skal utfører tiltaket ikkje skal søkje Byggesaksavdelinga om løyve til gjennomføring av tiltak. Dette gjeld t.d. ved reparasjon av leidning, mindre omleggingar, fornying av leidningsnett osb.

Dersom ein er tilknytt offentleg vass- eller avløpsnett, skal FjellVAR registrere og godkjenne alle mellombelse og permanente tiltak på utvendig privat leidningsnett, samt ein del innvendige installasjonar som feitt- og oljeutskiljarar, vassmålarar, tilbakeslagsventilar m.m.

Utfylt skjema, med naudsynte vedlegg,  må sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume. Last ned skjema C her.

Skjema D – Innsending av sluttdokumentasjon
Dette skjemaet skal nyttast ved innsending av sluttdokumentasjon. Skjemaet skal også nyttast ved innsending av sluttdokumentasjon.

Utfylt skjema, med naudsynte vedlegg, må sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume. Last ned skjema D her.

Skjema E – Skjema for registrering av vassmålar
Dette skjemaet skal nyttast ved installasjon av vassmålar i bustad eller næringsbedrift.

Utfylt skjema kan sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume, på telefaks 56 31 59 31, eller som vedlegg til e-post postboks@fjellvar.as. Last ned skjema E her.

Skjema F – Registrering av ny feittavskiljar
Skjemaet skal nyttast som vedlegg til ”Førespurnad om førehandstilsegn/innsending av sluttdokumentasjon” eller ”Røyrleggjarmelding til FjellVAR” der det er aktuelt å installere ny feittavskiljar.

Utfylt skjema kan sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume, på telefaks 56 31 59 31, eller som vedlegg til e-post postboks@fjellvar.as. Last ned skjema F her.

Skjema G – Registrering av ny oljeavskiljar
Skjemaet skal nyttast som vedlegg til ”Førespurnad om førehandstilsegn/innsending av sluttdokumentasjon” eller ”Røyrleggjarmelding til FjellVAR” der det er aktuelt å installere ny oljeavskiljar.

Utfylt skjema kan sendast per post til FjellVAR as, Postboks 264, 5342 Straume, på telefaks 56 31 59 31, eller som vedlegg til e-post postboks@fjellvar.as. Last ned skjema G her.
Andre skjema
Døme på erklæring for å få lov til å leggje leidning over annan mann sin eigedom.

Døme på erklæring om drift og vedlikehald av felles, privat leidning.

Skjema for Byggesakshandsaming frå Statens bygningstekniske etat.

 
Du må ha Acrobat Reader for å kunne laste ned eit søknadsskjema – last ned Acrobat Reader gratis her.

Med Acrobat Reader kan du og fylle ut dei ulike blankettane elektronisk og skrive desse ut, men du kan ikkje få lagra dei utfylte blankettane på di eiga maskin. Dei som har "fullversjonen" av programmet Adobe Acrobat vil også kunne lagre utfylte blankettar, og sende desse inn til FjellVAR elektronisk, t.d. som vedlegg til ein e-post.

FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31