større tekst: A A A
toybleier 495x300
Fjellvar sponsar tøybleier
FjellVAR ønskjer å bli enda betre på gjenvinning og på å redusere mengda av avfall som vert levert til deponiet på Eide. Vi ynskjer difor å sponse alle småbarnsforeldre busett i Fjell kommune som vel å bruke tøybleier til barnet sitt i staden for papirbleier.

Dette gjer vi:
- av omsyn til barnet ditt
Tøybleia er mjuk og god og er av 100 % bomull. Ved å bruke ei lanolin-ullbukse utanpå får huda luft heile tida, og ein unngår sår stump og utslett. 

- av omsyn til naturen
For kvart papirbleiebarn går det med trevirke tilsvarande to store trær, i tillegg til ei mengd syntetisk materiell. Berget av eingongsbleier veks, og desse bleiene inneheld tungt nedbrytbare stoff som det ikkje er bra å ha på avfallsfyllinga. Eingongsbleier til 180.000 bleiebarn i Noreg gir årleg omlag 60.000 tonn ikkje-resirkulerbart avfall.

- av omsyn til kostnadane
I følgje forbrukarrådet kan ein i løpet av bleieperioden rekne med følgjande omkostingar:
med eingongsbleier kr 12.000 - 14.000 
med tøybleier kr 1.400 - 5.000 avhengig av løysing + vask ca. kr 1.500

Ein sparer endå meir når tøybleiene vert nytta om att til fleire barn.

Sponsing av tøybleier
Bornet sitt namn*
Fødselsdato*
Adresse*
Telefon*
Mor/Far sitt namn*
Kontonummer*
Stad*
Dato*
Namn*
For å få refundert pengar ved kjøp av tøybleier må ein dokumentera kjøp over kr 500,-
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31