større tekst: A A A
Du er her: 
Renovasjon
 » 
Kjeldesortering
 » 
Matavfall
Matavfall
Som matavfall reknar vi alt våtorganisk avfall som er nedbrytbart, til dømes matrestar, fruktskal, kaffigrut, teposar og mindre mengder tørkepapir. 

Det er innført eit nasjonalt forbod mot deponering av mat og anna våtorganisk avfall på avfallsplassar. Hovudårsaka til forbodet er at mat- og hageavfall som rotnar på avfallsplassen gir store utslepp av den sterke klimagassen metan. Metan verkar 20 gongar sterkare på drivhuseffekten samanlikna med klimagassen karbondioksid per tonn avfall. I tillegg vil utsortering av matavfall hindre lukt og fugle-/rotteplage i området kring fyllinga.

Du kan enten kompostere heime i ein kompostbinge (ta kontakt med FjellVAR for meir informasjon) eller du kan levere matavfallet i eit brunt spann.

Frå fyrste heile veke i september og ut mai vert det brune spannet tømd same dag som restavfallet og kjørt til komposteringsanlegget på Eide fyllplass. I sommarhalvåret vert matavfallet henta kvar veke frå fyrste heile veke i juni og ut august. 

Det vert delt ut 150 stk papirposar til matavfall for dei som leverer til sentralkompostering. Det må berre nyttast papir- eller maisposar som kan komposterast.

Vi minner om at matavfallspannet vert tømt kvar veke i månadene juni, juli og august!!

Hentetider for matavfall finn du ved å gå inn i tømekalenderen, og skrive inn kor du bur.

Bleier, bind, plast og metall må ikkje kastast saman med matavfall. Behaldaren vil ikkje verte tømt dersom ein brukar andre posar til matavfall!
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31