større tekst: A A A
Slik startar du med heimekompostering
Skriv under avtalen for heimekompostering og send han til FjellVAR.

Kjøp eller bygg ein binge. Denne skal vere godkjent av FjellVAR. Når bingen er komen på plass, og FjellVAR har motteke kvittering på kjøp av binge/kontrollert heimelaga binge vil du verte registrert som heimekompostør og får dermed ei lågare renovasjonsavgift enn dei som ikkje komposterer sjølv.

Få tak i strø, eit hagegreip og ein ekstra behaldar til matavfall i kjøkkenbenken. Som strø kan du bruke tørr treflis, tørt lauv, tørr oppmalt bark eller høvelspon. Hugs at strømaterialet ikkje må vere for fint, og at det må vere tørt før det kan nyttast.

Plassering av kompostbingen
Kompostbingen må ikkje stå på ein plass med for mykje sol og vind. Elles kan du plassera han kor det måtte vere. Dersom du vel å setje han i garasjen lyt du ha eit eige avluftingssystem kopla til bingen. Eit godt råd er å plassera han ein plass der det er lett å kome til for å arbeide i bingen.
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31