større tekst:
A
A
A
Du er her:
Renovasjon
»
Heimekompostering
»
Korleis kompostere
Tømekalender
Kjeldesortering
Kvar skal avfallet
Gjenbruksstasjonar
Returpunkt
Heimekompostering
Kva er kompostering?
Slik startar du
Kva kan komposterast?
Korleis kompostere
Komposteringsproblem?
Ferdig kompost
Dei 10 kompostveitreglane
Hytterenovasjon
Sponsing av tøybleier
Abonnement
Korleis kompostere
I botnen på kompostbingen legg du 25-30 cm med tørr småkvist. Materialet skal vere lett samanpressa. På toppen av dette legg du to ark med avispapir som du perforerar med ein spikar. På avisa legg du eit lag med grov og tørr flis, 5 cm tjukt i midten og 10 cm langs sidene. No kan du tøme fyrste spannet med matavfall og blande det med strø. Hugs at avfallet skal vere delt opp og at det ikkje bør leggjast for nære sidene i bingen. Frå og med andre tøming og framover går du fram slik:
Bland om det øvste laget i bingen og lag ei grop i midten. Tøm matavfallet i gropa og unngå at avfallet kjem heilt ut i sidene i bingen. Til vanleg skal det blandast inn omlag like mykje strø som matavfall. 5 liter strø til 5 liter matavfall. Brei over gropa med kompost frå sidene og dryss over med eit par liter strø. Strømaterialet har som oppgåve å regulere fukta i komposten, gjere avfallet luftig slik at det kjem nok oksygen til mikroorganismene og hindra at fluger legg egg i avfallet. Viss avfallet er våtare enn vanleg må du ha i meir strø, og viss avfallet er tørrare enn vanleg så har du i litt mindre strø. Strøet må vere tørt! Legg matavfall i bingen to gonger i veka eller oftare. Kvar gong, og minst ein gong i veka må du blande om komposten. Når bingen byrjar å verte full er det nok å å blande dei øvste 30-40 cm og berre løfte litt i dei nedste laga med greipa for å få inn luft. Den høgaste temperaturen vil vere midt i bingen i den øvste delen, og her skjer komposteringa raskast. Her ligg temperaturen på omlag 50°. Smittestoff vert øydelagt ved denne temperaturen.
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume •
postboks@fjellvar.as
• Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31