større tekst: A A A
Problem med komposteringa?
Nesten alle problem i ein kompostbinge skuldast for mykje eller for lite strø. Dersom komposten er for våt må du blande i meir strø. Dersom komposten er for tørr kan du la vere å blande inn strø nokon gonger eller vatne litt med varmt vatn. Viss temperaturen i tillegg er lav tilsett du ein neve sukker per liter vatn. Luktar det av komposten kan du og få problem med kvite flugelarver. Desse tilhøva følgjer ofte kvarandre. Det kjem av at flugene kjenner lukta og oppsøkjer bingen for å finne mat og leggje egg. Bingane er sjeldan så tett at flugene ikkje kjem inn i dei. Dersom komposteringa ikkje vert gjort på riktig måte vil ein raskt få flugelarvar i bingen.  

Slik vert du kvitt flugelarver:
  • Bland opp komposten med strø til han vert porøs og luftig.
  • Kok opp 2-5 liter vatn med ein neve sukker per liter eller ei skei saltpeter. Mengda må stå i forhold til mengda med kompost i bingen.
  • Tøm det kokande sukkervatnet jamt over komposten.
  • Dekk med to ark avispapir og dryss strø langs kantane. Etter to til tre dagar er larvene garantert kompostert og du kan fortsette å kompostere som før. Dersom komposten har riktig temperatur unngår ein problemet med flugelarver. Kjem det sigevatn ut av kompostbingen har du brukt for lite strø. Bruk nok strø og bruk strø på ein riktig måte. Det skal aldri kome sigevatn ut av ein binge.
HUGS:
Bingen skal vere varm og tilnærma luktfri.
Vått avfall krev mykje strø - tørt avfall mindre strø.
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31