større tekst: A A A
Kva gjer ein med ferdig kompost?
Etter ein til to månader er matavfallet vorte omdanna til råkompost, men du bør venta med å ta ut råkomposten til bingen er full.

Når du skal tøme kompostbingen tar du av framveggen. Det øvste laget er enno ikkje ferdig som råkompost, og dette spar du ut og legg til siden til dømes i ei trillebør medan du tar ut den ferdige råkomposten. Det er lett å sjå skilnaden mellom ferdig råkompost og uferdig kompost på toppen. Det er ikkje mogeleg å sjå kva råkomposten er laga av og han luktar som jord. Det er lett å sjå kva den uferdige komposten er samansett av, og det luktar matavfall utan at ein kan seie at lukta er vond.

Den ferdige råkomposten lyt ein leggje til modning i hagen ein stad. Den kan leggjast i haug, blanda han med kompost frå hageavfall, eller ha han i ein open binge til ettermodning. Etter 6-8 månader er råkomposten forvandla til næringsrik jord. Kompostjorda kan då brukast som jordforbetringsmiddel og hagejord. Godt modna og sikta kompostjord er utmerkt til potteplanter, særleg dersom ein blandar inn noko skjelsand eller kalk.

Råkomposten kan ikkje brukast direkte etter at han er tatt ut av kompostbingen fordi næringsinnhaldet er for sterkt og komposteringsprosessen enno ikkje er ferdig. Plantar du noko i uferdig kompost vil plantene raskt verte nedbrutt og kompostert i staden for å vekse!

Når du så skal starte på nytt startar du som fyrste gongen med 20-30 cm småkvist i botn, to ark avispapir med hol i over, nytt lag med 5-10 cm strø og deretter topplaget med uferdig kompost som var lagt tilsides.
FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31