større tekst: A A A
Du er her: 
Om Fjellvar
Om Fjellvar
1. januar 2003 skilte Fjell kommune ut alle tenester knytt til vatn, avløp og renovasjon frå teknisk etat i kommunen. Desse oppgåvene ble lagt inn i eit eige aksjeselskap; Fjell vatn, avløp og renovasjon as (FjellVAR).

FjellVAR er truleg den fremste næringsmiddel- og miljøbedrifta i Fjell kommune. Vi leverer drikkevatn av svært god kvalitet, vi tar hand om avløpsvatnet og reinsar dette, vi sørgjer for tøming av private slamavskiljarar og vi samlar inn og legg til rette for gjenbruk av avfall.

I 2007 har vi eit driftsbudsjett på ca. 50 millionar kroner (nye tall kommer). I tillegg brukar vi store beløp på vidare utbygging av nye anlegg innafor vassforsyning og avløpshandtering. Heile vår aktivitet vert finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.

FjellVAR AS • Postboks 264, 5342 Straume • postboks@fjellvar.as • Telefonnummer sentralbord: 56 31 59 30 • Telefaks: 56 31 59 31