Det er vår, og det nærmar seg den årlege vårryddinga blant skular, barnehagar, grendalag og andre lag i Fjell kommune. Desse ryddeaksjonane i april og mai gir kvar og ein av oss høve til å gjere ein innsats for vårt eige nærmiljø. Kanskje er det gatene og leikeplassen som treng å ryddast, kanskje ein populær turveg bør prioriterast i år, eller kan hende den lokale badeplassen ein bør ta tak i ? Vi i FjellVAR vil også i år hjelpe til med å skaffe bossekkar og eingongshanskar til vårens ryddeaksjonar, og sørgje for at det som vert samla inn vert henta av bossbilen. For meir informasjon og påmelding til aksjonen, kan du ta kontakt med oss i FjellVAR på tlf 56315945 eller på: postboks@fjellvar.as