Kommunestyret vedtok i møte den 01.09.11 ny kommunedelplan for vatn og avløp i Fjell kommune for perioden 2011 – 2022. Ein viktig del av denne planen er eit ambisiøst handlingsprogram for vidare utbygging av infrastruktur for vatn og avløp.
Heile programmet omfattar investeringar for 905 millionar kroner, og svært mykje av dette skal etter planen gjennomførast i løpet av dei komande åra.
Vidare blei det i kommunestyret den 28.11.13 gjort vedtak om at det nye hovudavløpsreinseanlegget skal liggje i fjell (alt. F2B). Meirkostnaden for fjellanlegg er førebels kostnadsrekna til 78 millionar kroner.