Strandrydding

FjellVAR har saman med Norsk Gjenvinning og kommunane Fjell, Sund og Øygarden fått tilskot til eit større prosjekt for å halde oppe engasjementet kring strandrydding i regionen vår.

Utstyr til strandrydding

Vi har sekkar, big bags og hanskar til strandrydding. I tillegg tilbyr Norsk Gjenvinning containerar til alle større ryddeaksjonar i vår region. Dette er førstevalet når avfallet kan fraktast til veg eller kai. Om avfallet ligg utilgjengeleg til, har vi også tilgang på kranbåtar og helikoptertransport, men dette må avtalast særskilt. Les meir