STRANDRYDDING

10 May 2015

STRANDRYDDING

STRANDRYDDING

I fjor var det vel  12 000 personar som deltok i strandryddedagen. 522 strender som dekkjer 320 000 meter kystlinje, vart rydda for boss, 20 000 frivillige timar vart lagt ned i strandrydding i fjor. I år er målet  20 000 frivillige, 500 arrangement/aksjonar og at det vert fjerna 200 tonn boss frå strendene før sommarferien.

Marin forsøpling er eit samansatt problem med global speiing. Kvar dag endar millionar av små og store ting i havet verda over, og lite av dette blir fjerna. Vær og havstraumar fører bølgje på bølgje med nytt avfall til strendene våre. Over halvparten av avfallet er plast og tauverk. Småsøppel som neipar og bomullspinnar utgjer også ein vesentleg del av den marine forsøplinga.

På den strandryddedagen var det omkring 12 lag som var ute å rydda strender i Fjell kommune. Medlemmer av Misje kajakklubb rydda fjæra i Skjervika for om lag 500 kg boss og bidro dermed for fauna, fellesskap og framtid.

Godt jobba!