Oppdater tømmekalenderappen

5 Oct 2018

Oppdater tømmekalenderappen

Vi har nå lansert ein ny versjon av tømmekalenderappen vår. I tillegg til ein del feilretting, er det i den nye versjonen nå mogleg å velge sjølv kva tid ein ønskjer varsel. Pushvarslane vi sender ut blir også liggende i appen i denne nye versjonen som gjer det enklare å lese dei.

For å få glede av den nye versjonen må de nå gå inn i App Store eller Google Play og oppdatere appen, og sette opp innstillingane på nytt. Velg riktig område og sone og når du ønskjer varsel. Gjerne også kontaktinfo om de vil nytte appen til å gje oss tilbakemelding.