• Informasjon gebyr
  • Ofte stilte spørsmål faktura
  • Forklaring til faktura
  • Kom i gang med avtalegiro
  • Slik kjem du i gong med efaktura
  • Avtalegiro avtale

Informasjon om gebyr

Vi sender ut faktura for vass-, avløps- og renovasjonstenester fire gonger i året:

  • 1. termin, 01.01-31.03, blir sendt ut i byrjinga av februar, forfall 28.02
  • 2. termin, 01.04-30.06, blir sendt ut i byrjinga av mai, forfall 30.05
  • 3. termin, 01.07-30.09, blir sendt ut i byrjinga av august, forfall 30.08
  • 4. termin, 01.10-31.12, blir sendt ut i byrjinga av november, forfall 29.11

Gebyra for vatn, avløp- og renovasjon blir vedtekne kvart år av kommunestyret.

Fakturaen har ein fast del og ein variabel del. Den faste delen er lik uansett kva type bygning ein har (fritidsbustad, naust, industribygg, osv.)

Døme på faktura for vatn og avløp for eit bustadhus på 120 m2;

Ein bustad på 120 m2 vil etter stipulert forbruk måtte betale følgjande satsar:

Vatn Avløp
Abonnementsgebyr 2.495,00 2.672,00
Stipulert forbruk, 120 m2 x 1,2 m3/m2 x 15,10/20,10 2.174,40 2.894.40
Totalt 4.669,40 5.566,40

Den variable delen blir berekna anten etter arealet på bygninga eller etter faktisk forbruk, viss det i bygninga er installert vassmålar.

Dersom du har spørsmål til fakturaen din, kan du sjå under ofte stilte spørsmål på www.fjellvar.as  eller kontakte FjellVAR AS på tlf: 56 31 59 30 eller mail postboks@fjellvar.as

Ofte stilte spørsmål faktura:

Er det mogleg å få avtalegiro?

- Avtalegiro opprettar du i eigen nettbank, evt. ta kontakt med din bank

Er det mogeleg å få efaktura?

- Ja, det er mogeleg, Efakturraavtale opprettar du i eigen nettbank

Er det mogleg å få betalingsutsetting?

- Send oss ein førespurnad på mail: postboks@fjellvar.as

Eg har faktura som er forfalt og eg har fått purring?

Ta kontakt på mail: postboks@fjellvar.as for å avtale betalingsordning så sleppe ein dyre inkassosalær

Eg har solgt ein eigendom, kva skal eg gjera?

- Eigarforhaldet vert oppdatert hos oss så snart eigarskiftet er tinglyst. Faktura vert sendt til den som står registrert som eigar, og faktura må evt. gjerast opp innbyrdes mellom gammal og ny eigar

Kvifor står det 81kvm på fakturaen?

- 81kvm indikerer at arealet på bygget er 81 m2 som er grunnlaget for gebyrberekninga

Arealet på fakturaen stemmer ikkje overeins med det verklege arealet

- FjellVAR AS tar utgangspunkt i arealet som står i matrikkelen. Dersom dette arealet ikkje er korrekt må du kontakte Fjell kommune

Det er feil namn eller adresse på fakturaen, kva gjer eg?

- Ta kontakt med oss på mail eller telefon slik at vi får rette opp i feilen

Kvifor har eg motteke ein faktura for tilknytingsgebyr?

- FjellVAR AS sender ut tilknytingsgebyr til søkjar når vi har fått oversendt
igongsettingsløyve frå Fjell kommune. Tilknytingsgebyret må betalast før ein startar med grunnarbeidet, men det er mogleg å få ei utsetting dersom ein ikkje skal byrje på prosjektet enda. Søknad om utsetting kan sendast til postboks@fjellvar.as

Forklaring til faktura

1. Kundenummer

Dette er ditt unike nummer som høyrer til ditt abonnement. Ha alltid kundenummeret klart når du kontaktar oss.

2. Fakturanummer

Unikt nummer som høyrer til den fakturaen du har fått.

3. KID-nummer

KID-nummeret må alltid nyttast ved innbetalingar og ved etablering av AvtaleGiro.

4. eFaktura-referanse

eFaktura-referansen må alltid nyttast når du skal opprette eFaktura.

5. Termin

Viser kva abonnementsperiode du betaler for.

6. Beløp

Viser kva du skal betale per produktline. Du finn totalbeløpet du skal betale, lengst nede på fakturaen.

7. Gards- og bruksnr.

Nummeret til eigedomen frå eigedomsregisteret til kommunen.

8. Spørsmål og svar

Kva gjer eg med kreditnota:

Svar: kreditnota kan trekkjast i frå ei faktura når den blir betalt. Viss ein ynskjer utbetaling av kreditnota, send då ein mail til postboks@fjellvar.as med kundenr og til gode beløp. Men alle forfalte fakturaer må i forkant vere betalt. Normal saksbehandlingstid er 5-10 dager.

Kom i gang med Avtalegiro

      1. Tilbod i nettbanken: Når du betaler ei rekning til ei bedrift som tilbyr betaling med AvtaleGiro, vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ønskjer å opprette ein AvtaleGiro-avtale. Når du aksepterer tilbodet, blir avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft, og må betale rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivert.
      2. På FjellVARs nettside: Gå inn på nettsida, finn fram til AvtaleGiro, og opprett avtale med BankID.
      3. Tilbod i posten: Vi har to gonger sendt tilbod om AvtaleGiro i posten. Eventuelt finn du svarkupongen her:Link til avtalegiro… Fyll ut svarkupongen og send den i retur.
      4. Kontakt banken: Kontakt kundeservice i banken din, eller gå innom næraste kontor for å opprette ein avtale.

Fordelar med AvtaleGiro

  • AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste fakturaer. Det vil seie at banken sørgjer for at fakturaene blir betalte direkte frå din konto på forfallsdato. Du beheld full oversikt over både betalte og ubetalte fakturaer. Du kan velje å bli varsla på e-post kvar gong du mottar ein ny faktura i nettbanken.
  • Før forfall får du varsel om komande betaling. Varselet viser spesifisert beløp og dato for betaling. Du kan enkelt stoppe betalinga i nettbanken eller ved å kontakte banken.
  • På forfall belastar banken kontoen din og overfører beløpet til FjellVAR.
  • Etter forfall kan du kontrollere at fakturaen er betalt. Kontoutskrifta gjeld som kvittering for betalte fakturaer.
  • For å registrere ein AvtaleGiro avtale må du ha referanse som er KID-nr. Nåde kundenummeret ditt og KID-nummer finn du på ei tidlegare tilsendt faktura frå oss.

Ofte stilte spørsmål til AvtaleGiro

Kva kostar det å nytte AvtaleGiro?

Hør med banken din. Generelt er det ein av dei billigaste måtane å betale faktura på.

Kva meinast med beløpsgrense?

Beløpsgrensa er maksimumsbeløpet du tillater trekt frå din konto med AvtaleGiro.

Kan eg velje å ikkje mota varsel i forkant av betalinga?

Dersom du ikkje har behov elle ønskje om å motta slikt varsel ta kontakt med banken din, eller gjer endringa sjølv i nettbanken.

Kan eg stoppe ein betaling eller avslutte ein AvtaleGiro avtale?

Ja du kan både stoppe betalingar og avslutte avtaler direkte i nettbanken.

Kvifor er ikkje betalinga gjennomført, når eg har oppretta avtale og det er pengar på konto?

Kontroller at avtalen er oppretta i eigen bank, samt at beløpsgrensa ikkje er sett for lavt. Beløpsgrensa kan du sjølv endre i nettbanken. FjellVAR AS har ingen informasjon om kva beløpsgrense som er registrert. Dersom alt er ok i banken, sjekk med FjellVAR AS o vi faktisk har registrert at du skal betale med AvtaleGiro.

Kva skjer viss fakturaen er høgare en beløpsgrensa eg har avtalt med banken?

Då vil banken kontakt deg, og du må betale fakturaen på vanleg måte. Spesielt ved overgang til nyttår så kan det vere endring i fakturabeløp på grunn av endring i prisar etc.

Kva skjer når eg ikkje har dekning på konto på forfallsdato?

Dei fleste bankar gjer ytterlegare dekningsforsøk dei neste fire verkedagane etter forfall. Dersom du framleis ikkje har dekning, vil u i nettbanken sjå at betalinga er stoppa- denne kan du sjølv aktivera igjen. Nokre bankar vil informera sine kundar når ein betaling er stoppa, samt gje opplysning om korleis dei kan betale.

Eg har bytta bank, Kva gjer eg for å fortsette med AvtaleGiro?

Då må du opprette AvtaleGiro avtale i din nye bank. Ved at du opprettar AvtaleGiro avtale i den nye banken vil din gamle avtale automatisk bli avslutta. Dersom du allereie har fakturaer som ligg til forfall med AvtaleGiro , bør du vente med å endre avtalen på desse til etter forfallsdato, fordi belastingskrav ikkje vert overført til ny bank. Ny avtale kan du sjølv opprette i den nye nettbanken eller ved å kontakte din nye bank.

Kva meiner ein med beløpsgrense? Beløpsgrense er maksimumsbeløpet du tillater trekt frå din konto med AvtaleGiro.

Slik kjem du i gong med eFaktura

1. Tilbod i nettbanken. – Når du betaler ei faktura frå FjellVAR AS, vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ønsker å opprette ein eFaktura-avtale. Ved å akseptera tilbodet opprettast avtalen, og neste faktura vil da bli sendt elektronisk rett til din nettbank i staden for i posten.

2. Registrer sjølv – Du kan sjølv registrere ein Efaktura-avtale i nettbanken utan å betale ei faktura. Finn fram ein tidlegare tilsendt faktura frå oss og finn din eFaktura referanse. Logg deg så inn i nettbanken, vel Efaktura i menyen og bruk referansen til å opprette avtale. Efaktura er godt beskreve og lett å finna fram til i dei ulike bankane.

Spørsmål og svar

På denne sida finn du ofte stilte spørsmål med svar. Dersom du ikkje finn det du ønskjer svar på, så kan du gjerne sende inn ditt spørsmål til oss.

Korleis opprettar eg ein eFaktura avtale? :link til det over

Kan eg endre beløp, forfallsdato på ei Efaktura? Ja, du kan endre beløp, forfallsdato og kva konto som skal belastast.

Blir fakturaene mine betalt automatisk på forfallsdato med eFaktura? Nei du må sjølv godkjenne betalinga i nettbanken før beløpet vert trekt frå din konto.

Får eg papirfaktura i tillegg til eFaktura? Nei, dersom du vel eFaktura vil fakturaen kun bli presentert i nettbanken.

Kva kostar det for meg som kunde å nytte eFaktura? Å motta fakturaen er gratis. Sjølve betalinga kostar det same som ein vanleg nettbankbetaling. Høyr med din bank kva dette koster.

Kva er min eFaktura referanse? eFaktura referansen varierer frå bedrift til bedrift. Du finn din referanse på tidlegare tilsendte papirfakturaer.

Kor lang tid tar det å etablere ein eFaktura avtale? Normalt tar dette 1 døgn. Normalt sett må du ha oppretta avtalen 3 veker før vi sender ut faktura for at det skal kome som Efaktura.

Eg har registrert avtale på eFaktura, men mottar fortsatt papirfakturaer. Kvifor? Då er ikkje avtalen aktivert, og vi har ikkje godkjent innmeldinga. Årsak kan vere at opplysningar gjeve ved innmelding ikkje er rett.

Vert fakturaen trekt automatisk når eg har eFaktuera? Nei, fakturaen vert ikkje trekt automatisk, du må sjølv godkjenne fakturaen i nettbanken.

Kan eg gjere endringar på ei eFaktura? eFaktura har akkurat same fleksibilitet som om du mottar papirfaktura i postkassen. Du kan endre både beløp og forfallsdato.

Må eg betale på forfall med eFaktura? Du har full frihet til å velje å ikkje betale ei eFaktura slik som for papirfaktura.

Får eg varsel om at fakturaen skal betalast, i tilfelle korleis? Ja, når du inngår avtale om ei eFaktura får du spørsmål om du vil ha melding via e-post når fakturaen sendast til nettbanken din.

Treng eg nettbank for å bruke eFaktura? Ja, du må benytte nettbank for eFaktura.

Kor lenge ligg eFakturaen i nettbanken, dersom eg ikkje legg den til betaling? eFakturaen skal vere tilgjengeleg i nettbanken, betalt eller ikkje i 16-18 månadar..