FjellVAR er truleg den fremste næringsmiddel- og miljøbedrifta i Fjell kommune.

Vi leverer drikkevatn av svært god kvalitet, vi tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette, vi sørgjer for tøming av private slamavskiljarar og vi samlar inn og legg til rette for gjenbruk av avfall.

Det er dermed oss i FjellVAR du skal ta kontakt med om du bur i Fjell kommune og har spørsmål knytt til vatn, avløp eller renovasjon.




Unntaket frå dette er spørsmål kring løyve til å etablere nye, private kloakkutslepp. Slike spørsmål skal rettast til plan- og utbyggingsavdelinga i Fjell kommune.


 

 

FjellVAR aukar gjenvinninga av avfall.

Som følgje av det nasjonale deponiforbodet som er vedteken, skal FjellVAR no levere meir avfall til gjenvinning. Restavfallet som tidlegare har vore lagt på deponi, skal sendast til forbrenningsanlegg kor energien vert utnytta til fjernvarme.

FjellVAR har i tråd med reglar for offentlege innkjøp hatt anbodskonkurranse på forbrenning av restavfall. Rekom AS hadde det beste tilbodet til FjellVAR i denne konkurransen. Rekom AS er eit norsk meklarselskap som arbeider med å avsetja ulike avfallsprodukt. Dei har lagt til grunn at avfallet frå FjellVAR i hovudsak skal forbrennast ved Tekniska Verkan i Linköping, Sverige. Der vil avfallet verta brent og 95 prosent av energien utnytta. Endringa skjer frå juli i år. Dei neste 4 åra vil årleg kring 5 000 tonn restavfall gå til forbrenning. Det tilsvarar om lag 3-4 vogntog kvar veke.

Dette er miljømessig vesentleg betre, og rimelegare, enn å levera avfallet til forbrenning i Bergen der berre om lag 65 % av energien vert utnytta.

Dess høgare grad av energiutnytting, dess meir olje vert erstatta. Den høge energiutnyttingsgraden i Sverige erstattar mykje meir olje enn forbruket av drivstoff aukar ved transport til Sverige. Difor er dette den miljømessig beste løysinga for restavfallet frå FjellVAR dei næraste åra. Det er også den rimelegaste løysinga.

 Det beste for miljøet er å hindra at avfall oppstår. I Fjell kommune har vi i mange år hatt høg grad av kjeldesortering. Når avfall har oppstått, vil det vera betre for miljøet at avfallet vert resirkulert i staden for brent. Me oppmodar difor kundane våre om å redusera eige forbruk og kjeldesortera så mykje som råd. Restavfallet som då er igjen vil heretter gå til forbrenning med høg grad av energiutnytting.

Straume, 16.04.2010

Bjarne Ulvestad

dagleg leiar

 

 

RYDDEAKSJONER VÅREN 2010

Snart er det vår, og det nærmar seg den årlege vårryddinga blant skuler, barnehagar, grendalag og andre lag i Fjell Kommune. Desse ryddeaksjonane i april og mai gir kvar og ein av oss høve til å gjere ein innsats for eige nærmiljø.

Vi vil også i år hjelpe til med å skaffe bossekkar og eingongshanskar til vårens ryddeaksjonar. Plakater til informasjon om rydding kan vi også skaffe til veie. Vi må vite kor mykje sekkar og hanskar de treng, område som skal ryddast, dato for ryddinga og kvar bosset vert plassert for henting. Bosset kan og leverast gratis på gjenbruksstasjonen på Straume, etter avtale med FjellVAR. Fint om dato for ryddinga setjast nærast mogleg ordinær henting av restavfall. Vi vil sterkt anmode om at ryddeaksjonar ikkje vert satt til fredag 14 mai.

TA KONTAKT MED FJELLVAR FOR PÅMELDING.


 


   Den 01.10.04 vart FjellVAR, som første bedrift
i Fjell kommune, sertifisert som miljøfyrtårnbedrift.



Nyheiter


7/6/2010
Tømekalender høst 2010
/uploads/Tommekalender_host10.pdf
...les mer
3/30/2010
høyringsannonse - internettside planprogram VA
les mer her:
...les mer
3/30/2010
Kommunedelsplan VA - planprogram til høring.

les mer her

 

...les mer
10/31/2007
eFaktura - enkel og sikker betaling av gebyra

eFaktura logo

...les mer
Arkiv